Kjære bebuar,

Burettslaget har det siste året hatt forhandlingar med både Enivest og Telenor ang. ein billig internett- og tv løysing for bebuarane. Etter ein del fram og tilbake, har styret konkludert med å inngå avtale med Enivest, på bakgrunn av ein svært gunstig og god avtale.

Som privatperson hjå Enivest kan ein i dag få 100/100 mbit internett for 629 kr. Tilbodet vi har framforhandla gir oss same internettpakke til 299 kr.

Som privatperson hjå Enivest kan ein også få ein avtale med «DUO 400» = 400/400 internett og TV for 1 158 kr. Via avtalen som burettslaget har framforhandla kan du no få same avtale for 549 kr.

 

Nederst under signaturen kan du sjå meir om avtalen i skrivet frå Enivest. Der finner du også lenke til meir informasjon om TV-pakken.

 

Avtalen medførar ei innføring av internettpakke for alle bebuarane til 299 kr, med 100/100 mbit. Dette blir lagt inn i felleskostnadane, slik at ein framleis berre får éin faktura frå BOB kvar mnd.

I avtalen har vi forhandla fram høve for 10 andelseigarar å reservere seg frå ein slik avtale. Med andre ord, dei som ikkje vil ha internett må melde i frå snarast råd. Her gjelder første mann til mølla-prinsippet.

Dei som ynskjer berre større internettpakke (200, 400, 600 osv.) kan få dette ved å ringe Enivest. Dei som ynskjer DUO 400 (større internettpakke + TV-pakke) kan også ringe Enivest og avtale dette sjølve. Enivest vil i eit slikt tilfelle sende faktura på ekstrakostnaden direkte til deg som bebuar.

Frist for å reservere seg er sett til søndag 13. februar.

 

Oppsummert:

  • Dei som ynskjer billig og bra internett (100/100) treng ikkje å gjere noko. Ein vil bli informert når internett-avtalen er innført.
  • Dei som ikkje ynskjer internettavtale (maks 10 personar) må melde i frå snarast råd og innan utgangen av 13. februar.
  • Dei som ynskjer større internettpakke (200, 400, 600 osv.), eller DUO 400 (internett+TV-pakke) eller begge deler kan sjølve ringe Enivest, etter at avtalen er innført.

 

Om du lurar på noko kan du ta kontakt med oss på bergum@mittbob.no.

 

Svar på ulike spørsmål:

Eg er allereie kunde hos Enivest, kva gjer eg?
Om du har avtale med Enivest frå før, vil alt gå automatisk, og betaling vil framover skje via felleskostnadane til den avtalte prisen (299 kr for 100/100 mbit).

Kva om eg er kunde hos andre enn Enivest?
Om du er kunde hos andre, må du sei opp avtalen. Er det oppsigelsetid slepper ein å betale dobbelt, då Enivest ventar med innføring av ny nettavtale fram til gjeldande avtale er sagt opp. Hugs å ringe Enivest for å avtale dette.

Kva er med i TV-pakken?
Sjå lenke under signaturen.

 

Beste helsing

Bergum burettslag
Thor Erlend Mehammer, styreleiar
95473121
bergum@mittbob.no
www.bergumburettslag.no

 

Vedlegg frå Enivest:

Info til bebuarar i Bergum Burettslag 120122

Les meir om TV-pakken her: TV frå Telia gir deg fridom – Enivest AS