Om Bergum Burettslag
Bergum Burettslag vart stifta i 1969 og har besøksadresse Storehagen 1b, 6800 Førde.
Burettslaget består av 2 lågblokker med til saman 72 bueinheiter. Leiligheitene er av variande størrelse – frå 2- til 4-roms.
Du kan nytte naturen rett utanfor stovedøra med flotte turmoglegheiter. Det er kort veg til skule og barnehage, og gangavstand til sentrum. Bybussen i Førde stoppar like ved.
Burettslaget vart i 2012-2014 totalrenovert utvendig og resultatet er flotte og fargerike blokker. Det vart etterisolert samt bytta vindauger/dører i alle bueinheiter. Det vart også installert nytt balansert ventilasjonssystem, noko som fører til eit svært godt inneklima.
Burettslaget opplever ei betydeleg reduksjon i energiforbruket etter renoveringa og vart i 2015 tildelt Byggeskikkprisen frå Førde kommune.