Kjære bebuar,

Burettslaget har det siste året hatt forhandlingar med både Enivest og Telenor ang. ein billig internett- og tv løysing for bebuarane. Etter ein del fram og tilbake, har styret konkludert med å inngå avtale med Enivest, på bakgrunn av ein svært gunstig og god avtale.

Som privatperson hjå Enivest kan ein i dag få 100/100 mbit internett for 629 kr. Tilbodet vi har framforhandla gir oss same internettpakke til 299 kr.

Som privatperson hjå Enivest kan ein også få ein avtale med «DUO 400» = 400/400 internett og TV for 1 158 kr. Via avtalen som burettslaget har framforhandla kan du no få same avtale for 549 kr.

 

Nederst under signaturen kan du sjå meir om avtalen i skrivet frå Enivest. Der finner du også lenke til meir informasjon om TV-pakken.

 

Avtalen medførar ei innføring av internettpakke for alle bebuarane til 299 kr, med 100/100 mbit. Dette blir lagt inn i felleskostnadane, slik at ein framleis berre får éin faktura frå BOB kvar mnd.

I avtalen har vi forhandla fram høve for 10 andelseigarar å reservere seg frå ein slik avtale. Med andre ord, dei som ikkje vil ha internett må melde i frå snarast råd. Her gjelder første mann til mølla-prinsippet.

Dei som ynskjer berre større internettpakke (200, 400, 600 osv.) kan få dette ved å ringe Enivest. Dei som ynskjer DUO 400 (større internettpakke + TV-pakke) kan også ringe Enivest og avtale dette sjølve. Enivest vil i eit slikt tilfelle sende faktura på ekstrakostnaden direkte til deg som bebuar.

Frist for å reservere seg er sett til søndag 13. februar.

 

Oppsummert:

  • Dei som ynskjer billig og bra internett (100/100) treng ikkje å gjere noko. Ein vil bli informert når internett-avtalen er innført.
  • Dei som ikkje ynskjer internettavtale (maks 10 personar) må melde i frå snarast råd og innan utgangen av 13. februar.
  • Dei som ynskjer større internettpakke (200, 400, 600 osv.), eller DUO 400 (internett+TV-pakke) eller begge deler kan sjølve ringe Enivest, etter at avtalen er innført.

 

Om du lurar på noko kan du ta kontakt med oss på bergum@mittbob.no.

 

Svar på ulike spørsmål:

Eg er allereie kunde hos Enivest, kva gjer eg?
Om du har avtale med Enivest frå før, vil alt gå automatisk, og betaling vil framover skje via felleskostnadane til den avtalte prisen (299 kr for 100/100 mbit).

Kva om eg er kunde hos andre enn Enivest?
Om du er kunde hos andre, må du sei opp avtalen. Er det oppsigelsetid slepper ein å betale dobbelt, då Enivest ventar med innføring av ny nettavtale fram til gjeldande avtale er sagt opp. Hugs å ringe Enivest for å avtale dette.

Kva er med i TV-pakken?
Sjå lenke under signaturen.

 

Beste helsing

Bergum burettslag
Thor Erlend Mehammer, styreleiar
95473121
bergum@mittbob.no
www.bergumburettslag.no

 

Vedlegg frå Enivest:

Info til bebuarar i Bergum Burettslag 120122

Les meir om TV-pakken her: TV frå Telia gir deg fridom – Enivest AS

 

 

 

Varsel om dato for Generalforsamling i 2019 og frist for innsending av saker som skal handsamast på møtet.

Vi varslar med dette at dato for Generalforsamling er fastsett til 10.04.2019.

Innkalling med sakspapirer, vert lagt i postkassane dykkar 01.04.2019.

Saker som de ynskjer å ta opp i Generalforsamling skal vere skriftleg.
Frist for innlevering: 25.mars 2019.

Send mail til bergumburettslag@gmail.com, brev til styreleiar, eller legg forslaget i postkassen til Dag Johnsen, Bergum 3D.

Med venleg helsing
Styret i Bergum burettslag

FARGERIKE LIV PÅ BERGUM Foto: Bent Are Iversen

Bak kvar einaste inngangsdør finn du eit menneske, og ei historie.

Nokre kjempar med minna etter ein grufull krig, andre driv storproduksjon av flatbrød.

Nokre lever spanande drøymeliv, andre finn livsgleda i dei enkle ting.

Firda-journalist Ole Johannes Øvretveit banka på åtte dører i dei fargerike blokkene på Bergum. Åtte personar fortel om åtte svært forskjellige liv.

Les heile saka på Firda.no

Frist for innlevering av dugnadsskjema er sett til 2.oktober 2018.
Legg skjemaet i postkassa til Dag Johnsen i 3D.

Vér grundig i utfyllinga. Utbetaling av dugnadspenger vil skje før desember 2018.
Skjema som er levert etter 2.oktober vil ikkje bli behandla.

Tirsdag 3.juli var det opning av den fine, nye rundkøyringa på Bergum!

Endelig er det kommet opp parkeringsskilt. Nå blir det orden på parkeringsplassen.

Linn og Asbjørn gjekk av som styreleiar og styremedlem.

På generalforsamlinga 29.mai 2018 vart Dag Johnsen valt som ny styreleiar i Bergum burettslag. Linn Kollanes går av etter 8 år i styret. Asbjørn Lucassen går av som styremedlem. Tusen takk for god innsats, begge to!

Nytt styre frå 29.mai 2018:

Dag Johnsen
Styreleiar

Eili Slåtten
Styremedlem

Dag er ny styreleiar i burettslaget.

Cato Kvamme
Styremedlem

Belvira Omic
Varamedlem

Beathe Førde
Varamedlem

Guro Bryn Høgheim
Varamedlem

Melding frå Førde kommune: Minner om høgt vassforbruk i Førde. Ber derfor om at hagevatning og eventuelt anna forbruk utenom normalt hushald, må opphøyre snarast.

Det kan se ut som det er en del spørsmål knytt opp til nye strømmålere og at informasjon man har mottat fra Sunnfjord energi nett ikke er tilfredstillende nok.
At man nå har fått nye strømmålere betyr i praksis at alle skal betale nettleie , noe som dessverre medfører økt kostnad for den enkelte andelseier.
Pr . nå leverer Sunnfjord energi strøm fordi dem er pliktig til å levere. Alle må velge sin egen strømleverandør så fort som mulig ettersom det er mer kostnad så lenge man er uten valgt leverandør. Dere må selv ta kontakt med Sunnfjord Energi om det skulle vise seg å være feil i opplysninger knytt opp til din bolig.

Anbefaler link til Hafslund nett for mer informasjon om selve strømmåler og hvorfor de gamle er byttet ut.

www.hafslundnett.no

Styret