Ordensreglar
Bergum burettslag
Gjeldande frå 01.05.2022
————————————————————–
INNHALD
5.2 Elektrisk arbeid og VVS-installasjonar
5.3 Radiatorar (vassradiator for oppvarming)
5.6 Grilling og bruk av gassbrennar
8.4. Leikeplass og grillområde
8.7 Mating av fuglar eller andre dyr
11.3 Røykvarslar og brannslukningsapparat
————————————————————–
1. FORMÅL
Formålet med ordensreglane er å fremje gode naboforhold ved å sikre ro, trivsel og tryggleik innomhus og utomhus i Bergum Burettslag.
2. VERKEOMRÅDE, PLIKTAR OG MISLEGHALD
- Ordensreglane gjeld alle som oppheld seg i burettslagets område. Kvar enkelt andelseigar er ansvarleg for at eigne husstandsmedlemmar, besøkande og eventuelle leigetakarar er kjent med reglane og følgjer desse.
- Brot på ordensreglane kan medføre erstatningsplikt og er å sjå på som misleghald jf. vedtektene kap. 6
- Kvar enkelt andelseigar/bebuar er sjølv pliktig til å søke opp og følgje reglane.
3. RO OG ORDEN
- Husværet må ikkje brukast på ein slik måte at det plager andre bebuarar.
- Det skal vere ro mellom kl. 23.00 og kl. 07.00 på kvardagar og til kl.10.00 i helgane og på heilagdagar.
- Etter kl. 20.00 er det ikkje lov å nytte verktøy som lagar lyd eller anna bråk som kan forplante seg gjennom veggar, tak og gulv – eller ute på verandaer/uteområde.
- Fest og selskap kan aksepterast unntaksvis, men det vert forventa at nærmaste naboar vert varsla i god tid slik at dei får høve til å innrette seg deretter. Dette kan gjerast ved å henge opp ein lapp på informasjonstavla, der ein legger inn namn og leiligheitsnummer.
- På same måte vert det forventa at naboar vert varsla ved større vedlikehaldsarbeid i god tid før oppstart, til dømes ved renovasjon av bad og kjøken. Då skal alle oppgangar i same blokk varslast, minimum 7 dagar før, med namn, oppgang og leiligheitsnummer.
- Det skal vere ro i trappeoppgangen.
4. PARKERING
4.1 Parkering og køyring
- Parkeringsplassen er regulert av skilt. Kvar andel har berre lov til å parkere eitt køyretøy på burettslagets område.
- Gjestar har høve til å nytte parkeringsplassen. Ved lengre opphald knytt til ein andel, må ein informere styret.
- Andelen kan søke styret for høvet til å parkere fleire køyretøy ved behov.
- Tohjulingar skal stå på eit oppmerka område for tohjulingar.
- Parkering mellom blokkane er ikkje lov, utanom ved av og pålessing. Styret kan gje løyve ved behov.
- Det er ikkje lov til å køyre mellom blokkene mellom kl. 20.00 og 08.00
4.2 Spesielle køyretøy
- Det er ikkje tillatt å parkere campingvognar, campingbilar, båtar, hengare eller avskilta køyretøy på burettslagets område.
- Det er ikkje lov å parkere bilar som ikkje er i forskriftsmessig stand/i regelmessig bruk, på burettslagets område.
- Styret kan, ved skriftlig søknad, gje samtykke til slik parkering for ein kortare periode. Søknad skal innehelde årsak og tidsangiving av perioden det blir søkt for.
4.3 Garasjar
- Burettslaget har 8 garasjeplassar. Desse er tilknytt 8 ulike andelar.
- Det er berre styret som kan godkjenne endring av eigar for garasjeplass.
- Eigar har høve til å leige ut garasjeplassen med godkjenning frå styret.
- Garasjen skal vere i slik stand at det er mogleg å parkere ein bil.
- Andel med tildelt garasjeplass er pliktig til å bruke denne til parkering, og skal ikkje parkere eige køyretøy på andre plassar.
- Eigen kontrakt mellom burettslaget og andelseigar regulerer avtale knytt til felleskostnad, straum, vedlikehald, sal av garasjeplass m.m.
5. BRUK AV BUSTADEN / ENDRINGAR AV BUSTADEN
5.1 Fasaden.
- Utskifting eller andre tiltak som påverkar fasaden av bygningane, samt større bygningsmessige endringar av bustaden er ikkje lov utan skriftleg samtykke frå styret i burettslaget .
- I einskilde tilfelle vil slike tiltak også krevje godkjenning av generalforsamlinga før arbeidet kan settast i gang.
- Det er ikkje lov å feste flaggstangfeste og liknande på fasaden. Dette fordi det gjer skade på veggen og øydelegger fuktsperra.
5.2 Elektrisk arbeid og VVS-installasjonar
- Andelseigar skal kunne dokumentere overfor styre i burettslaget at vedlikehaldsarbeid er utført på ein fagleg forsvarleg måte. For tiltak på det elektriske anlegget i bustaden er elektroentreprenøren forplikta til å gje andelseigar samsvarserklæring ved installasjon av nye anlegg og ved endringar i eksisterande anlegg. Andelseigar skal sjå til at han mottek samsvarserklæringa samt eventuell underlagsdokumentasjon, og er plikta til å oppbevare dette for seinare kontroll.
- VVS-installasjonar, elektriske arbeid, samt legging av membran i våtrom skal utførast av autorisert fagpersonell og i samsvar med gjeldande føreskrifter og faglege standardar på område, samt våtromsnorma utarbeidd av fagrådet for våtrom (FFV) og tryggleikskrava i føreskrift om elektriske lågspenningsanlegg.
- Ved ulike VVS-installasjonar som krevjer stenging av vatn, må styret varslast 7 dagar i forkant. Dette for å kunne stenge vatnet i oppgangen og opplyse bebuarane som blir berørt av dette.
- Kopi av samsvarserklæring skal sendast styret.
5.3 Radiatorar (vassradiator for oppvarming)
- Radiatorar i leilegheita er burettslaget sin eigedom.
- Det er berre sertifisert røyrleggar som kan gjere endringar/flytte på radiator. Dette av omsyn til forsikringsforskrifter.
- Endring/flytting på radiator skal først søkast om og godkjennast av styret før arbeidet tek til.
5.4. Oppussing av bad
Ved oppussing av bad, som framleis har sluk frå byggåret, skal denne byttast ut.
- Styret tek seg av bestilling av rørleggar til byte av sluk. Styret dekker kostnad ved byting.
- Styret skal gjennomføre synfaring før bytte av sluk tek til.
5.5 Hovudvasskraner
- Enkelte andelar har hovudvasskraner installert i tak/bod som stenger vatnet i heile oppgangen.
- Det skal til ein kvar tid vere fri tilgang til hovudvasskranen.
- Berre styret eller personar som har fått løyve av styret har lov til å stenge hovudvasskrana.
5.6 Grilling og bruk av gassbrennar
- Det er kun lov til å bruke elektrisk grill på balkongen. Grill ved bruk av kull eller gass er ikkje tillat grunna brannfare. Bruk av kull og gass vil òg gjere forsikringa dyrare.
- Det er ikkje lov til å bruke mobil gassbrennar/primus inne.
5.7 Utebod
- Dør til uteboda på balkongane må vere lukka når boden ikkje er i bruk. Dette for å unngå skade på dørhengslane.
5.8 Generell bruk av bustad
- Hald avtrekksventilar på kjøkken, bad, vaskerom og toalett opne for å unngå at det oppstår kondensskadar eller muggdanning i leilegheita. Bebuar må syte for at leilegheita er tilstrekkeleg oppvarma ved fråvær, flytting eller liknande i den kalde årstid slik at vass og avløp ikkje blir frostskada.
- Andelseigar er sjølv ansvarleg for forsvarleg bruk av vatn i leilegheita.
- Andelseigaren skal halde bustaden i forsvarleg stand.
- Andelseigaren skal halde ved like slikt som vindauge, røyr, leidningar, inventar, utstyr, apparat og innvendige flater i bustaden.
- Vedlikehaldet femner òg om nødvendig reparasjon eller utskifting av slikt som røyr, leidningar, inventar, utstyr, apparat, tapet, golvbelegg, vegg-, golv- og himlingsplater, skiljevegger, listverk, skap, benker og innvendige dører med karmar, men ikkje utskifting av vindauge og ytterdører til bustaden, eller reparasjon eller utskifting av tak, bjelkelag, berande veggkonstruksjonar og røyr eller leidningar som er bygde inn i berande konstruksjonar.
- Det skal berre kastast toalettpapir i toalettet. Alt anna kan bidra til at rør og avløpssystem blir tett. Kostnader vedrørande dette faller på andelseigar.
- Det er ikkje lov å henge noko på balkongrekkverket som kan falle og gjere skade på andre. Blomsterkasser skal henge innover og ikkje utover på rekkverket.
- For å unngå skadedyr og insekt er andelseigar pliktig til å halde leilegheita rein.
- Det er ikkje lov å henge eller riste sengetøy/tepper ut av vindauge eller på rekkverk på balkong. Dette for å unngå at støv og skit faller ned til naboen, eller skitnar til fasaden.
- Det er ikkje lov å henge klede høgare enn rekkverket.
- Syner elles til vedtektene punkt 5 til 5-7.
6. BRUKSOVERLATING OG UTLEIGE
- Ved bruksoverlating/utleige skal andelseigar ha samtykke frå styret i burettslaget.
- Styret i burettslaget skal godkjenne bruksoverlating før denne fysisk skjer.
- Søknadsskjema finner ein på bob.no eller på bergumburettslag.no
- Søknadsskjema sendast styret via forretningsførar.
- Andelseigar har sjølv ansvar for at dei som bur i bustaden kjenner til ordensreglane og følgjer desse.
- Ein viser elles til burettslagsloven: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2003-06-06-39
7. REINHALD OG DUGNAD
7.1 Reinhald.
- Vask av trappeoppgang utføres av tilsett.
- Andelseigar er pliktig til å legge til rette for at vask kan bli utført. Ingen private gjenstandar skal bli oppbevart i trappeoppgangen, dette gjeld til dømes dørmatte, syklar, barnevogner, sportsutstyr m.m.
7.2 Dugnad.
- Styret arrangera fellesdugnad minimum 1 gong i året. Det er ynskjeleg at flest mogleg bebuarar deltek på dugnaden.
- Utføring av dugnad blir løna med sats sett av styret.
- Andelseigar har sjølv ansvar for å fylle ut dugnadskort korrekt og returnere denne til styret ved slutten av året.
7.3 Gressklipping
- Klipping av gress skjer gjennom dugnad i avtale med ulike bebuarar.
- Klipping av gress skjer innanfor reglane for ro og orden.
8. FELLESOMRÅDER
Bebuarane vert oppmoda til å verne om fellesområda, slik som fellesrom, leikeplassar, garasjeanlegg, parkeringsplassar, grasplenar og vegetasjon elles. Vis omsyn til andre bebuarar og vegetasjon ved leik og ballspel. Forlat alltid fellesområda slik du sjølv vil finne dei. Vanlege ordensreglar gjeld òg for uteområdet.
8.1. Trappeoppgang
- Trappeoppgangen skal vere fri for brennbart materiale. Dette gjeld til dømes dørmatte, syklar, barnevogner, sportsutstyr m.m.
- Trappeoppgangen skal vere fri for ting som kan hindre rask framkomst ved brann. Dette gjeld og hindring av framkomst for ambulansepersonell, handtverkar, vaktmeistar osv.
- Private gjenstandar skal ikkje bli oppbevart i trappeoppgangen.
- Det skal ikkje opnast for ukjente personar via dørtelefonen. Vi er alle ansvarleg for at uønskte personar ikkje får tilgang til blokkane.
8.2. Fellesbod
- Dør til fellesbod-arealet skal alltid vere låst.
- Fellesbod-arealet skal vere fri for brennbart materiale. Gjeld ikkje inne i sjølve bodane.
- Andelseigar er sjølv ansvarleg for å ordne lås til sin eigen bod i fellesbod-arealet.
- Det er ikkje lov å lagre mat i boden (Gjeld ikkje tørrvarer.)
- Boden skal haldast ryddig, og skal ikkje vere samlingsplass for søppel. Dette er for å unngå å tiltrekke skadedyr/insekter.
8.3. Syklar
- Syklar skal plasserast i sykkelstativa som er plassert rundt om på burettslagets område.
8.4. Leikeplass og grillområde
- Bruk av leikeplass/grillområdet skal følgje reglane for ro og orden.
- Leikeplassen skal brukast på ein forsvarleg måte for å unngå skader på leikeapparata.
- Parkeringsplassen/vegen på oppsida av blokkene bør ikkje brukast til leik. Det er stor fare for påkøyrsel. Føresette i burettslaget må sjølv syte for at denne faren reduserast.
8.5. Bossbod
- Dør til bossboda skal alltid vere lukka. Dette for å unngå å tiltrekke skadedyr, eller spreie vond lukt i burettslaget.
8.6 Fyrverkeri
Fyrverkeri er ikkje lov på burettslaget sin eigedom. Dette på grunn av at fleire har opplevd å få det på balkongane, og fleire opplever at det sprenger rett utanfor leiligheita i dei øvste etasjane.
8.7 Mating av fuglar eller andre dyr
Det er ikkje lov å legge ut mat til fuglar, eller andre dyr på burettslaget sin eigedom. Dette for å unngå å tiltrekke skadedyr m.m.
8.8 Gravlegging av døde dyr
Det er ikkje lov til å gravlegge døde dyr på burettslagets eigendom.
9. AVFALLSHANDTERING
- Bebuarane skal til ei kvar tid rette seg etter gjeldande kommunalt regelverk for handtering av hushaldningsavfall, papir og anna restavfall.
- Det er ikkje lov å bruke fellesområde som oppbevaringsplass for private gjenstandar, i tillegg til ting som skal kastast.
- Ein andel skal ikkje kaste meir avfall enn vanleg forbruk. Dette kan til dømes vere ved større innkjøp/oppussing, der det blir mykje papp/plast-avfall.
- Burettslaget bestiller inn container éin gong i året, som oftast i tilknyting til ein dugnad.
- Elektriske artiklar skal ikkje kastast i containeren. Dette skal bebuar levere til ein forhandlar.
10. HUSDYRHALD
- Dyrehald i burettslaget er kun tillatt etter skriftleg avtale med styret for kvart enkelt dyr. Tillatelse gis etter skriftleg søknad/kontrakt som ein finner på bergumburettslag.no.
- Dyr skal alltid vere under eigarens kontroll i heile burettslaget og det er bandtvang heile året på burettslagets område.
- Dyr skal ikkje opphalde seg i trappeoppgangen.
- Dyrets eigar er ansvarleg for fjerning av ekskrementer i og omkring burettslagets område.
- Alle dyr skal vere merka (med halsband eller liknande) slik at eigar kan kontaktast.
- Er dyrehaldet til sjenanse for øvrige bebuarar kan styret i kvart einskild tilfelle krevje at dyret blir fjernet frå burettslag.
11. FELLESANLEGG
11.1 Antenne- og kabelanlegg
- Burettslaget sitt felles antenne- og kabelanlegg er til fri bruk for bebuarane.
- Det er ikkje tillete å sette opp private radio og/eller tv antenner og parabolantenner, utan samtykke frå styret i burettslaget.
11.2 Vatn og straum ute
- Det er ikkje lov å bruke vatnet frå utekranane utan løyve frå styret.
- Det er ikkje lov å bruke straum frå stikkontaktane ute på bygget utan løyve frå styret.
11.3 Røykvarslar og brannslukningsapparat
- Kvar leiligheit har éin røykvarslar som installert av burettslaget. Burettslaget skifta batteri i denne kvart år i desember. Andelseigar står fritt til å sjølv installere fleire røykvarslarar ved behov, men må sjølv byte batteri i desse.
- Kvar leiligheit har eitt brannslukningsapparat. Denne blir kontrollert av burettslaget kvart år i desember. Ved behov blir denne erstatta med nytt apparat.
11.4 Brannstige
- Brannstigen skal berre brukast ved brann eller øving. Klatring i stigen for å kome inn og ut av leilegheita er ikkje lov.
12. STYRET
12.1 Søknader
Søknader om bruksoverlating, husdyrhald, vedlikehaldsarbeid eller andre tiltak i bustaden, garasjeplass, samt andre saker som andelseigar ynskjer styret skal fatte vedtak om, skal skje skriftleg.
12.2 Teieplikt
Styret har teieplikt i alle saker som dei handsamar.
12.3 Skader
- Vasskader, lekkasjar, herverk og innbrot må meldast omgåande til styret . (Vakttelefon 954 73 121)
- Andre skader som oppstår på burettslaget sin eigedom skal meldast til burettslaget sitt styre innan 3 dagar.
12.4 Klager
- Klage på andre bebuarar må kome skriftleg til styret. Styret kan halde klagers namn anonymt.
VEDTEKE
Vedteke på generalforsamling den 15.11.04.
Endra i generalforsamling 02.05.07.
Endra i generalforsamling 04.05.16.
Endra i styremøte 07.03.2022 jf. vedtak i generalforsamling i 2016, sendt på høyring, og endeleg godkjent 01.05.2022.